Sosiale medium
Den
digitale revolusjonen påverkar dagens samfunn i stor grad. Sosiale medium erstattar
papirbasert kommunikasjon og skular har introdusert nettbaserte utdanningar.
Kultur, vere- og tenkjemåte, og innverknaden den har på danning og oppseding
vert vist med innlemma av digital kompetanse som den femte grunnleggjande
ferdigheita.
Med tilgjenge til digitale medium med
datamaskiner, nettbrett og mobiltelefonar har sosiale medium blitt ein naturleg
del av kvardagen til elevane. Dette er plattformer som ved hjelp av internett
og webbasert teknologi opnar for kommunikasjon mellom to eller fleire menneske
(Aalen, 2015).
Opplæringsloven 9a gir alle elevar i
grunnskulen rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse,
trivsel og læring (Opplæringsloven 9a, 2015). Sosiale medium gir moglegheit til
nettmobbing. Når ligger ansvaret hos skulen når mobbing oppstår på sosiale
medium?
I denne oppgåva er det brukt
spørjeskjema som forskingsmetode og ein skal sjå på teori i samsvar med
resultat rundt temaet sosiale media i barneskulen.
Ein fremtredande person som bidrog til å
analysera følgja av den digitale revolusjonen er den spanske forskaren Manuel
Castells. "Internet is the fabric of our lives" erklærde han, noko
som har vist seg for å vera sant (2001, s.1, referert i Krumsvik & Säljö,
2013, s. 524).
Utover 90-talet revolusjonerte den
digitale verda seg og datamaskiner vart integrert i kvardagen til menneske over
heile verda. Med enkle spel og program for teksthandsaming utvikla det seg til
å vere eit verdifullt verktøy innanfor nyttebruk, underhaldning og
kommunikasjon (Imsen, 2005, s. 113). I dag har barn og unge datamaskinar,
mobiltelefonar og nettbrett som opnar for tilgjenge til internett. Hente inn
informasjon gjennom strøyming av hendingar, nettaviser og diverse
diskusjonsforum har blitt mogleg for enkeltindividet til kvar og ein tid.
Innanfor underhaldning finn eit digital media og internett i form av spel og strøymningstjenestar
for musikk og film. Kategoriane spel varierer i innhald og kan blant anna vera
sports-, eventyr, strategi- og actionspel (Imsen, 2005, s. 115). Det er særleg
gutar som nyttar seg av større og avanserte spel. Jenter føretrekker små spel
som prokrastinering og som aktiviserer hjernen i større grad (Imsen, 2005, s.
115). Det tredje bruksområdet for digital media og internett er kommunikasjon.
Dette omfattar blant anna sosiale medium som brukar tekst, bilete og filmklipp
til å konversera med vener eller dela tankar og opplevingar. Dei utvalde
sosiale medium i denne oppgåva er Facebook, Snapchat, Instagram, Google+ og
Twitter. Andre nemneverdige apper eller programmer er Skype, Jodel, Vine og
Youtube.
Sosialisering skildrar prosessen der
eit barn utviklar seg til å vere eit unikt individ (Imsen, 2005, s. 52). Barn
kan påverkast på ymse måtar, både direkte gjennom systematisk oppseding og
indirekte gjennom forventingar og innverknad frå sosiale medium, jamnaldrande
og barne- og ungdomskulturen (Imsen, 2005, s. 52). Samtidig er ein konsekvens av den digitale revolusjonen
nettmobbing. Ved krenkelsar over nett vil ein ikkje vera klår over reaksjonen
til personen ein skader, og mobberan vil ikkje møta det følelsesmessige
aspektet av å krenkja eit anna individ. Samtidig kan ein nå offeret sitt heila
døgnet, kor enn offeret er. Dette gjer det vanskeleg å oppdaga for utanforståande
(Barneombudet, 2016). Publikasjonar på nett er vanskeleg å vere kvitt og
spreier seg fort til mange.
For å undersøkja aktivitetane til elevane og
opplevingar på nett vart spørjeskjema brukt som metode. Ringdal definerer eit spørjeskjema ved at det "er
en systematisk metode for å samle inn data fra et utvalg personer (bedrifter,
organisasjoner) for å gi en statistisk beskrivelse av den populasjonen utvalget
er trukket fra" (2013, s. 190). Ein slik undersøking vil gje breidd og oversyn
for lærarforskaren og er ein kvantitativ metode.
Ein slik standarisering medfører at
ein kan innhenta store mengder data på kort tid, noko som sparer tid når
populasjonen er stor. Naturleg nok inneber strukturert datainnsamling av eit
omfangsrikt utval og eit fokus på det generelle og ikkje det spesielle (Cohen,
Lawrence & Morrison, 2007, referert i Postholm & Jacobsen, 2011, s.
86). Ein konsekvens vil vera at elevane må halda seg til dei sette fast
synspunkta til lærarforskaren (Postholm & Jacobsen, 2011, s. 87).
Spørjeskjemaet gjer det og mogleg å måle og samanlikna kunnskap i ei gruppe
eller undersøkja samanhengar og variasjonar i datautvalet.
For at spørjeskjemaet skal gje
lærarforskaren breidde og oversyn over utvalet må tre val takast: utforming av
spørsmål og svaralternativ, kven som utgjer populasjonen og korleis
undersøkinga skal administrerast. Av lærarforskaren krev dette at han eller ho
har gjort eit solid forarbeid før undersøkinga utførast. I dette tilfellet er
spørjeskjemaet laga på førehand og det vil derfor ikkje kommenterast noko om
spørsmålsform eller svaralternativ. Populasjonen bør tas i betraktning under
utforminga av spørjeskjema (Postholm & Jacobsen, 2011, s. 93).
Spørsmål
og svaralternativ var fastsatt på førehand. Metoden vart brukt på 5. trinn med
ein populasjon på omtrent 50 elevar. For å sikra eit representativt utval vart
15 jenter og 15 gutar trekt tilfeldig etter lotto-prinsippet etter gjennomførd
undersøking (Postholmen & Jacobsen, 2011, s. 94). Spørjeundersøkinga vart
gjennomført i en undervisningstime slik at spørsmål frå elevane kunne tas undervegs.
feilkjelde som vart oppklara i etterkant av undersøkinga er at elevane trudde at Google+ var søkemotoren, og ikkje det sosiale mediet. Det ble og presisert at å leita etter informasjon inneberer også undersøking av alle interesseområder.
Ein openberr forklaring på resultata frå 5. trinn, er at sosiale medium har ei aldersgrense. For Facebook, Instagram, Google+ og Snapchat er det ein 13-års aldersgrense, medan Twitter praktiserer med oppmoding om å vera 13 år. Utvalet av sosiale medium i spørjeundersøkinga representerer heller ikkje optimale svaralternativ for elevar i alderen 10-16 år. Yngre mistar interessa for Facebook, medan Google+ og Twitter i større grad trekkjer voksane brukarar (Solberg T. & Aakvik J.A., 2013).
Figur 2. Spørsmål 3-7. Bruk av tid på ulike nettaktivitetar.
|
Resultata i spørsmål 3-7 samsvarer med analysen som er lagt fram hittil. Spørsmåla tek for seg favoritt-aktiviteten og bruk av tid på internett til elevane. Spel og film utgjer klart størst bruk av tid. Ei årsak som kan forklara den lave bruken av tid på sosiale medium er at elevane sjølv ikkje er klar over kor mye dei online (Castells, 2001, s.1, referert i Krumsvik & Säljö, 2013, s. 524). Eksempelvis kan kommunikasjonsverktøy som Skype og likande vert anteke å oversjåast der eleven i utgangspunktet gjer anna samtidig. Det er og eit definisjonsspørsmål når det kjem til eleven sin oppfatning av kva eit sosialt medium er. Heilt enkelt kan ein elev vandra rundt aleine i eit spel og ikkje la seg oppta av chattefunksjonane som står til disposisjon, spesielt i såkalla MMORPG (store fleirtals online rollespel). Uansett vil denne chattefunksjonan, viss slått på, skildrast som eit sosialt medium sjølv om ein overser det som vert skrevet.
Undersøkinga viser ved spørsmål 3-8 at ein nytter internett fortrinnsvis til underhaldning fordi det opplevast som gøy. Sidan 2005 har underhaldning blitt meir attraktivt enn bruk av digital media til teksthandsaming (Imsen, 2005, s. 115). Utviklinga av strøymningstjenestar og tilgjengelegheit for nye spel kan vera ein årsak til dette.
Skilnaden på resultata mellom kjønna i spørsmål 12-14 er interessant å sjå på.
Fleirtalet gutar svarar dei ikkje kjenner
nokon som har følt seg utanfor på grunn av sosiale medium (figur 4). Samtidig
ser vi av figur 6 at omtrent halvparten av gutane har følt seg utanfor på grunn
av hendingar på sosiale medium. Hos jentene svarar halvparten at dei kjenna
nokon som har følt seg utanfor grunna sosiale medium. Omtrent 75% trur ein kan
føla seg utanfor, medan heile 80% har aldri følt seg utanfor på grunn av
hendingar på sosiale medium. Resultata motseier kvarandre.
Ei
årsak til dette kan vera kva elevane sjølv definerer som mobbing. Barneombudet
skildrar mobbing blant anna som å frysast ute (Barneombudet (2016). Mobbing på
nett kan vere ein passiv, indirekte og mindre synleg form for mobbing. Individet
det gjeld vil kunne føla seg aleine dersom det ikkje blir inkludert i sosiale
medium. Som voksen kan ein sjå kor viktig det er for unge menneske å vera med
og delta i nettverk som sosiale medium for å unngå å vere ståande utanfor
(Krumsvik & Säljö, 2013, s. 525). Andre moglegheit er at elevane ikkje har
lyst til å innrømma at dei vert halden utanfor.
I analysen Imsen la fram i 2005, vart ein presentert for eit samfunn
der digitalt media hovudsakleg brukt til teksthandsaming. Sjølv om det i stor
grad fortsatt er sant, har utviklinga av underhaldningsverdien og sosiale medium
vore i fokus de siste årene. Strøymnings-tjenestar,
spel og sosiale medium har bidrege til å forandra måten barn og ungdom
kommuniserer på. Tilgjengelegheita av digitale medium skapar utfordringar for
skulen når de skal ta tak i uønskt åtferd, som mobbing. Ein lærer burde
vera klar over at ein kan nytta sosiale medium på veg til, frå og på skulen. Under desse tilfellene har skulen
ansvar for elevane sitt psykososiale miljø slik det er skildra i Opplæringsloven 9a (Opplæringsloven
9a, 2015). Ved slike tilfelle snakkas det
ofte om gråsoner, med en flytende overgang mellom skole og fritid. Bør skuler
da stå til ansvar?
Imsen G. (2005). Elevenes
verden – innføring i pedagogisk psykologi. Oslo: Universitetsforlaget
Krumsvik R. J. & Säljö R. (2013). Praktisk-Pedagogisk
Utdanning: en antologi. Bergen: Fagbokforlaget.
Postholm,
M. B., & Jacobsen, D. I. (2011). Læreren
med forskerblikk: innføring i vitenskapelig metode for lærerstudenter.
Kristiansand: Høyskoleforlaget.
Ringdal, K. (2013). Enhet og mangfold - Samfunnsvitenskapelig forskning og kvantitativ
metode (3. utg.). Bergen: Fagbokforlaget.
Aalen, I. (2015). Sosiale medium. Store Norske Leksikon. Hentet fra https://snl.no/sosiale_medium (26.04.2016).
Barneombudet. (2016). Hva er mobbing? Hentet fra http://barneombudet.no/dine-rettigheter/mobbing/hva-er-mobbing/
(10.04.2016)
Barneombudet. (2016). Mobbing i sosiale media. Hentet fra http://barneombudet.no/dine-rettigheter/mobbing/mobbing-pa-internett/
(05.04.2016)
Opplæringsloven
(2015). Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Hentet
fra https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1998-07-17-61/KAPITTEL_11#KAPITTEL_11
(26.04.2016)
Solberg T. &
Aakvik J.A. (2013, 01.11). Facebook innrømmer at yngre mister
interessen. E24. Hentet fra http://e24.no/naeringsliv/facebook-innroemmer-at-yngre-mister-interessen/22602550
(05.04.2016)
Kommentarer
Legg inn en kommentar